Crewet på ungdomsklubben ønskjer alle frå åttandeklasse og oppover velkomen til bursdagsfeiringa. Ungdomane frå ungdomskafeen på Hareid er inviterte til å kome, i tillegg til ulsteinungdomen. Me legg opp til ein avslappa kosekveld, seier Oda Reite. På programmet står mange gode kaker. Gjestene skal få gratis kake. Nokre av kakene bakar ungdomane sjølve, nokre har dei fått sponsa. Elles blir det biljardturnering, karaoke og dataspel.

Ungdomsstyrt

Det er ikkje første gongen Ulstein prøver å starte opp ungdomsklubb. Ikkje alle gongene har det vore like vellukka. Men denne gongen vart det ein suksess. Ungdomane trur at ein del av forklaringa er at dei sjølve har fått vere med å utforme ungdomsklubben. Det er ulsteinungdomar som har stått for oppussinga av lokala og ungdomar er med og driv klubben. Tom Henrik Muggerud er tilsett som aktivitetsleiar for Vikingen ungdomsklubb på deltid. Han har fått med seg dei mest engasjerte ungdomane i eit såkalla "crew". Desse er dei som stod utafor døra og venta kvar kveld før eg opna. Dei er den harde kjernen på ungdomsklubben, forklarer Muggerud. Ungdomane synest det er kjekt å få vere med i crewet. Dei har møte annakvar veke. No har dei sett opp turnusliste som fordeler når dei ulike skal ha vakt på ungdomsklubben. Men ungdomane synest det er så kjekt på ungdomsklubben at dei er der stort sett heile tida likevel. Dei kveldane det er konsert på Vikingen er heile crewet i sving. Nokre står i kiosken, nokre sel billettar, nokre lagar mat, medan andre tek bilete. Slik lærer me å ta ansvar, seier Richard Vattøy. Ja, og det gjev ei skikkeleg god kjensle, meiner Oda Reite.

Kjekt år

Vikingen ungdomsklubb har lagt bak seg eit kjekt år. Dei har hatt fleire konsertar, der har vore datatreff og til og med ein cowboy-fest. Dei har prøva og feila for å sett kva som fungerer. Jamt over vil dei oppsummere ungdomsklubben som ein suksess. Sjølv om det er flest folk i lokala fredagskveldane, er der jamt mykje folk som møter. Det er gått mykje betre enn venta og me har fått gjort mykje, oppsummerer Tomma. Han kan skilte med ekstremt lite rusproblem på ungdomsklubben. Dei har faktisk ikkje rusproblem i det heile, erklærer han. Det er kjekt med ein rusfri møteplass som Vikingen. Her er ei koseleg og avslappa atmosfære der ein møter ulike folk, rosar Oda Reite. Hadde det ikkje vore for Vikingen hadde me sete heime. Vikingen har blitt som vår andre heim, smiler Mia Constance Årdal. Ho er nyverva medlem i crewet. Skulle de ønskje at de hadde eit heilt ungdomshus, som Kaihuset i Ørsta? Hm, det ville kanskje blitt litt for stort, trur Mia. Det hadde kanskje vore kjekt med nokre fleire rom. Men eit heilt hus høyrest for stort ut, melder Fredrik Alvestad. Ein del av ungdomane i crewet synest noko av styrken til Vikingen er at lokale er litt små, slik blir det meir intimt og koseleg. Samstundes kan aktivitetetsleiaren opplyse om at det er miljø for større aktivitet enn dei har i dag. Men eit eige hus krev ressursar. Å drive Kaihuset kostar Ørsta kommune om lag ti gonger så mykje som Vikingen kostar Ulstein kommune. Og Kaihuset er på ingen måte ti gonger så bra som Vikingen, er gjengen samde om. Ungdomane er takksame for at kommunen har brukt pengar på dette ungdomsklubben. Og dei vil sende ein stor takk til alle som møter på ungdomsklubben. Då står det berre att å gjere seg klar for bursdagsfeiring fredagskvelden.