Vassendgutane-medlem Leif Aase frå Sotra må forlate bandet som ei følgje av at bandet skal spare pengar, skriv Bergensavisen.

Musikaren fekk beskjeden over telefon frå manager Leif Aarseth.

- Beskjeden kom veldig overraskande, seier Aase til avisa.

Bandet har selt færre plater samstundes som at dei har færre spelejobbar. Dei vil no truleg erstatte Aase med ein musikar frå Ørsta-området.