Kurset blir i aulaen på Hareid ungdomsskule, og det er berre å melde seg på sjølv om dansekunnskapen ikkje er stor frå før. Kursinstruktør blir Rune Myklebust frå Volda, som både er dyktig til å danse tango, og til å lære frå seg. Karl Johan Holstad i Hareid leik- og gammaldansklubb fortel at dei gjerne vil ha fleire medlemer i klubben, men at det ikkje er eit vilkår at folk som blir med på kurset melder seg inn. I dag er det om lag 40 dansarar i klubben. Under dei to kursdagane er det fint om deltakarane tek med seg eit fat med mat. Midtvegs i kursdagen blir all maten sett på eit felles matbord der alle kan forsyne seg. Påmelding til Karl Johan Holstad. Sjå annonse annan stad i avisa, eller gå inn på Hareid kommune si heimeside for å få vite meir.
Kultur →
Tangokurs på Hareid
No har du sjansen til å lære deg tango. Hareid leik- og gammaldansklubb byr inn til tangokurs helga 23. og 24. januar.