Medan debatten går på 2000-talet om eldrebølgja og ulike syn på korleis samfunnet skal takle den, set UVS-lektoren Dagfinn Olav Bye perspektiv på debatten ved å samanlikne med synet på alderdom i norrøn tid. Minstepensjonen for forfedrane våre var omsorg på legd "så lenge den gamle greidde å kle på seg sjøl". Og etterpå? Bye har forska på dette ved å bruke tekster frå norrøn litteratur - og frå 1900-talet. Dette vil han kåsere om på årsmøtet i Hareid Mållag førstkomande torsdag. - Vi får også høyre både song og lyrikk denne kvelden, og ynskjer alle interesserte, både målfolk og anna folk, velkomne til ein triveleg kveld i folkebiblioteket, seier mållagsleiar Marit Kvammen i ei pressemelding.