Kvart år skaper elevar og lærarar ved SUFH ein musikal. – Etter at elevane kom tilbake frå juleferie har dei lagt anna undervisning til side, og dei har jobba berre med musikal, fortel lærar Ingfrid Grimstad. Det er litt av eit prosjekt å skulle setje opp ein musikal på halvanna veke. – Dei har jobba både dag, ettermiddag og kveld, fortel Grimstad. – Korleis er det mogleg å få til ein musikal på så kort tid? – Det handlar mykje om motivasjon. Elevane får sjølve velje kva gruppe dei vil vere med på. Når motivasjonen er på plass, så går alt mykje lettare, trur Grimstad. Om Jungelboken Jungelboka er ein film som mange har eit forhold til. Historia om menneskebarnet Mowgli som vert forlaten i jungelen. Guten får fleire venner i jungelen, difor vert det vanskeleg når han skal førast tilbake til menneskelandsbyen. Undervegs møter Mowgli på fleire hindringar. Heldigvis har han sin gode venn, Baloo, med på laget. – Vi har sett saman Jungelboken 1 med Jungelboken 2, samt litt frå Det Norske Teatret si musikalframsyning. I tillegg skal vi krydre framsyninga med ein del eigne dansar. Det ver mellom anna hiphop elefantdans og Bollywood-dans, avslører Grimstad. Mange oppgåver Det er mange oppgåver som skal fyllast, både på og utanfor scena. Lyd, lys, kostyme, musikk, band, kor, replikkar, roller og samarbeid mellom alle aktørar skal fungere. Måndag hadde elevane si første øving i Sjøborg kulturhus. I morgon (onsdag) er det klart for premiere på Jungelboken. På dagen vert det framsyningar for barnehagar og skular. – På kvelden vert det ei framsyning som er opa for alle, og det er gratis entre. Vi håpermange vil kome å sjå musikalen. Den passar for alle, seier Ingrid Grimstad på vegner av SUFH.

Dans vert ein viktig del av Jungelboken som skal framførast på Sjøborg i morgon.