Det var heilt på slutten av konserten at den eine seksjonen klappa saman. Songarane - nærare 80 i talet - var i ferd med å posisjonere seg før det siste fellesnummeret: "Lova Herren mi sjel". Folk var komne opp på benkane då det brått small i kyrkjeromet og det gjekk eit skjelv gjennom songarflokken. Enkelte songarar fekk seg nokre slag, men ingen vart synleg skadde i hendinga. Det mest ubehagelege var kanskje å kjenne grunnen under seg svikte. Kyrkjeverje Anfinn Hanstad seier til Vikebladet Vestposten at kyrkja har bestemt seg for å ikkje bruke benkane meir. - Vi har alt fått tak i brosjyremateriell med tanke på å skaffe oss nye benkar, fortel han. - Men før vi gjer eit endeleg vedtak om kva benkar vi kjøper må kantoren og kyrkjegardsutvalet få uttale seg. Det var truleg låsemekanismane som svikta. Tidlegare i konserten hadde talrike kor som Hareid kammerkor og Hareid blandakor vore oppe på benkane. Men då trykket på benkane dobla seg i form av det store felleskoret, vart det for mykje.