Heimane Våre har ein over 40 år lang tradisjon i Herøy. Primus motor har vore Per-Arne Lillebø, og slik blir det også i år. Blant kanonane som Lillebø tidlegare har lokka til Heimane Våre-arrangementet er Kjell Magne Bondevik Hans Olav Tungesvik. I år er det altså TV-artisten og multitalentet Rune Larsen som blir kveldens hovudtalar. Men Larsen kjem ikkje berre for å tale, han har også lova å synge, og han har gitaren med seg i bagasjen når han kjem til Herøy. Larsen har gitt ut over 30 plater, og selt over 650.000 eksemplar. Heimane Våre-arrangementet set fokus på heim, familie og rusfri livsstil og programmet skal også i år ha ei blanding av humor og alvor. Humoren er det Arne Grimstad som får ansvaret for. Kåseriet "Humor i heimen" skulle høve godt denne kvelden. Kveldstankane er det songevangelisten Irene Krokeide Alnes som skal stå for. I følgje bladet "Syskenbanden" som kjem med ny utgåve med det aller første, blir det med også to solide kor. Herøy mannskor, under dirigenten Jostein Storøy, som på få år har utvikla seg til å bli eit dyktig kor med ein variert meny på repertoaret.

Lyst frå Volda og Ørsta

Men primus motor Lillebø gler seg også til å få høyre damekoret Lyst. 21 songglade kvinner mellom 20 til 50 år frå Volda og Ørsta reknar han som eit flott programinnslag. Lyst vart etablert i januar 2002, og våren 2003 opna koret Dei nynorske festspela i Aasen-tunet. Under landssongarstemnet i Trondheim i fjor vann koret midtnorsk korkonkurranse i si klasse. Nina Vedel Telseth er dirigent for koret, som heile tida søkjer etter å få den reine og klare klangen levert med presisjon. Og namnet LYST har ei enkel forklaring: Det skal vere lystprega å synge, og damestemmene er lyse - syng lyst. Som vi forstår det er litt av kvart å gle seg til i Herøy kyrkje fredag 23. mars.