Den Norske Matfestivalen blir i tidsrommet 29. august til 2. september, og Wenche Jøsok ved Hareid Hotel opplyser at leiinga for festivalen var svært interesserte i å gjenta suksessen frå i fjor, med tilbod om utflukt til Ishavsmuseet Aarvak. Den ramsalte kvelden blir torsdag 30. august, og er eit samarbeid mellom Hareid Hotel, Ishavsmuseet Aarvak og Cruiseservice. Sistnemnde syter for skyss av deltakarane frå og til Ålesund. Gjestene vil bli henta i veteranbuss ved Hareid ferjekai, og skyssa til Brandal. Undervegs vil dei bli servert historier av guidar som sjølve har mange turar bak seg på ishavet. "Slowfood på sitt beste" kallar Matfestivalen tilbodet ved Ishavsmuseet. Kjøkensjef Willy Solvang ved Hareid Hotel skal komponere eit ishavsbuffet med hovudvekt på selkjøt. Der vil fleire variantar med selbiff og selgryter, men også bacalao og anna sjømat. I tillegg til maten og dei ramsalte historiene og song og musikk med lokale krefter, blir det sjølvsagt også omvising ved ishavsmuseet. I fjor bikka deltakartalet 100 gjester, og målet er at endå fleire skal bli med i år. Tilbodet vårt viste godt att på Matfestivalen i fjor. Vi fekk mange tilbakemeldingar om at deltakarane syntest det var fint å kome seg ut av Ålesund ei lita stund for å oppleve noko heilt anna, fortel Jøsok.

Myldring i Ålesund sentrum

I år skal det meste som Matfestivalen har å by på skje i eit festivalområde, midt i folkelivet i Ålesund sentrum. Langs Skansekaia skal det riggast opp telt der Noregs beste kokkar, fiskehandlarar, kjøtskjerarar og konditorar skal konkurrere for opne tribunar. Der vil bli totusen kvadratmeter med mat, musikk og anna underhaldning. Kjøkensjef Willy Solvang (i midten) ved Hareid Hotel er godt i gang med å planlegge menyen under Ishavskvelden. Både dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet og Wenche Jøsok har tru på at maten vil falle i smak hos deltakarane ved Den Norske Matfestivalen.