- Dette var veldig kjekt, og det var flott å sjå at så mange ville feire saman med oss, sa Astrid Dagestad til Vikebladet Vestposten etter konsertslutt.

Kulturskulerektor Dagestad starta jubileumskonserten med å introdusere Arnfinn Dalhaug, kveldens programleiar. For dei som hugsar tilbake til nittitalet og starten på totusentalet var Dalhaug kulturskulerektor i Ulstein frå 1990 til 2001.

Dalhaug introduserte fyrste innslag, som var ved kulturskuleorkesteret Ytre Strøk. Dei spelte Wolfgang Amadeus Mozart sin "Andante" frå pianosonate, og folkemusikksongane "Den 99an" og "Styggen på låven".

Les også: Markerte jubileet med flott veggmåleri

Neste innslag var ei messinggruppe, som spelte Thorbjørn Egner sin klassikar "Kardemommesangen" og Jan Johansson sin minst like kjende "Pippi Langstrømpe". Selma Erika Waage briljerte så med eit solonummer på piano, der ho spelte første sats av Ludvig van Beethoven si "Måneskinnsonate".

Gitarsolo, ballett og song

Ei gitar- kombinert med songgruppe framførte så Michael Jackson og Lionel Richie sin udødelege klassikar "We are the world". Det skulle blir meir gitar, då Iver Moldskred spelte gitarlegenda Gary Moore sin song "The loner" på framifrå vis. Gåsehudfaktoren var høg!

Så viste Peter Demirov fram ein presentasjon på video av ballettgruppa ved kulturskulen, og ulike nummer dei har framført tidlegare.

Simon Skeide song og spelte gitar akkompagnert av nemnte Demirov på melodika. Ei fin framføring av Justin Bieber-songen "Be allright". Ei treblåsgruppe framførte så Stein Eide sin "Ved solnedgang" og Halvdan Sivertsen sin superhit "Ti tusen tommeltotta", til trampeklapp frå salen.

Ei songgruppe song vakkert Melinda Løver sin song "Drømmeland", før Synne Bårslett akkompagnert av Johannes Kaul på trompet song Lionel Bart sin song "Where is love".

Pianoorkester og Aksnes-magi

Folketonen "Ungarsk dans" fekk opp stemninga endå nokre hakk i salen, framført av eit noko så spesielt som eit pianoorkester. Ti pianistar spelte saman på fem piano, og skapte flott samklang.

Silje Håheim var ein av desse pianistane, og etter fellesnummeret var det hennar tur å spele åleine. Håheim spelte Henry Mancini sin klassikar "Baby elephant walk".

Så var det tid for Oline Aksnes, som akkompagnert av fleire av kulturskulelærarane song Johan Øyan og Alf Prøysen sin "Helene harefrøken". Aksnes viste klart prov på kor dyktig ho er som songar.

Ei trekkspelgruppe spelte så Astor Piazolla sin "Libertango" og George Ulmer sitt verk "Pigalle".

Til slutt blei jubileumskonserten avslutta med allsong, "Du ska få en dag i mårra".

Les meir om konserten i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.