Onsdag inviterte Sparebanken Møre korps frå Hareidlandet på vitjing i banken sine lokale i Ulsteinvik. Der fekk dei frammøtte servert lunsj, korpsmusikk og ei gåve frå banken på 20.000 kroner.

Det var skulekorps frå Ulsteinvik, Bigset, Haddal, Hjørungavåg, Hareid og Hasund- og Dimnøy som deltok under korpslunsjen.

Går inn i korpsperiode

– No går ein inn i den perioden som kanskje er aller mest hektisk for korpsa, for kva er vel mai utan korpsmusikk. Vi i Sparebanken Møre ynskjer å bidra til korpsa som er viktige bidragsytarar for trivselen i fylket, fortel Beate Gjerde Mork, banksjef hjå Sparebanken Møre i Ulsteinvik. Ho og Melinda Skeide, som er banksjef på Hareid tok i mot representantane frå skulekorpsa i Ulstein og Hareid.

– Det er mykje dugnad som vert lagt ned og mange kaker som skal loddast ut for å få eit korps til å gå rundt. Difor ynskjer vi å bidra på ein annan måte og gir alle skulekorpsa 20.000 kroner, sidan dei er så viktige for lokalmiljøet, seier Melinda Skeide.

I fylgje Beate Gjerde Mork er korpsa viktige heile året, men det er i tida rundt 17. mai at ein set aller størst pris på dei.

Under lunsjen i Sparebank-bygget kom også juniorkorpset til Ulsteinvik skulekorps innom for å spele to songar. Dei kom sjølve med ein førespurnad om å få vise fram dei unge musikantane, og fekk fram korpsstemninga rundt borda.

Kjem godt med

Frank Hauge frå Hasund og Dimnøy skulekorps var glad for bidraget frå Sparebanken Møre.

– Dette betyr mykje. Pengar og sponsorar er alltid vanskeleg å få på plass og det er mange kaker som skal seljast for å få inn ein slik sum, smiler Hauge.

Vidare fortel han at korpset er i ferd med å skaffe seg nokre nye instrument, til dømes nye marsjtrommer til 17. mai og at pengane såleis kjem svært godt med.

Kåre Andre Wik frå Haddal skulekorps var også glad for at korpset fekk eit tilskot frå banken.

– Det kjem veldig godt med. Annakvart år har vi ein større tur for korpset og i år skal vi til Scarborough i England, noko det er mange som gler seg til, fortel Wik.

Melinda Skeide og Beate Gjerde Mork frå Sparebanken Møre delte ut 20.000 kroner til alle skulekorpsa i Ulstein og Hareid.