Konserten har også i år fått overskrifta «Frå Gospel til stille grender», ein tittel som dekkjer det varierte song- og musikkstoffet som blir å høyre i Leikongkyrkja.

Og på konserten fredag vert det gjenhøyr med mykje av det som Leikong Blandakor har presentert på sine førjulskonsertar dei siste åra.

Kjende julesongar både med norsk og engelsk tekst, svingande gospelrytmer og ikkje minst Leikong Blandakor sin eigen julesong «Under ein engleveng», med tekst av korsongar Monika H. Waagan, i dirigent Kjetil Eiksund sitt arrangement av Hartvig Kiran sin melodi og med Grete Hauge Saure som solist, vil truleg også i år verte eit høgdepunkt, slik det vart då songen vart framført første gongen for to år sidan, og under konserten i 2011.

Ingen konsert utan solistar

I år vert det gjenhøyr med dei fleste av tidlegare år sine solistar, og koret arbeider også med at nye, yngre songarar med tilknytning til koret, kan få vere med.

Og sjølvsagt får vi høyre «O, helga natt» , «Det lyser i stille grender», «Himlen i min favn» og alle dei andre songane som er med å skape førjulsstemning i Leikongkyrkja.

Ein fast post på desse konsertane har vore eit verbalt innslag med koret sin grunnleggar og mangeårige dirigent, Arnljot Grimstad.

I år vert dette innslaget ved Karl Johan Hånes, senior leikongar med solid tilknytning til Leikong Blandakor. Dermed skulle alt ligge til rette for ein stemningsfull førjulskveld i god og tradisjonell stil, og Leikong Blandakor vonar på godt frammøte.