Billettsalet opna fredag førre veke klokka 09.00. Allereie sundag ettermiddag syner det seg at framsyninga er utseld. Difor er det ikkje lenger mogleg å skaffe seg billettar til showet med brørne Vegard og Bård Ylvisåker som går i kultursalen onsdag 6. februar 2013.

Ventar på svar

Men alt håp er ikkje ute for dei som ikkje fekk seg tak i billettar. Fredag kontakta kulturavdelinga ved kommunen managementet til Ylvis, for å høyre om dei vil setje opp ei ekstraframsyning av showet.

Kulturkonsulent Annika Brandal ved Ulstein kommune fortel at dei har førespurt managementet, men at dei framleis ikkje har fått svar.

– Vi jobbar med saka, men det er diverre ikkje opp til oss om det blir ekstrashow eller ikkje. Uansett håpar vi at dei sett opp eit show til. Eg trur det framleis er mange som ynskjer billettar, fortel Brandal.

Brandal avsluttar med å informere om at dei vil halde folket oppdatert via Sjøborg si facebookgruppe.

Følg Vikebladet Vestposten på Facebook

Brørne Vegard og Bård Ylvisåker er i desse dagar aktuelle med talkshowet “I kveld med Ylvis” på TV Norge.