Berre ein halv time etter opninga klokka 12.00 på sundag, var allereie parkeringsplassen på gamle Eiksund skule proppfull av bilar. Og i dei ulike rom og korridorar prata folk varmt om kor flott julemarknaden er.

Storkosar seg

Ein av Eiksundbygda sine gode vener er musikaren Stig Ulv (Stig Ulvestad). Stig har vore med på ulike arrangement i regi av BandCamp, og var sjølvsagt ein del av inventaret under julemarknaden i Eiksund.

– Det er utruleg kjekt å delta. Eg fekk invitasjon frå Bertil Tødenes om å kome. Og det ville eg sjølvsagt. Det er kjekt å kunne sel plata mi her utan å måtte rigge opp for konsert, flirer Stig.

Stig rosar menneska bak juleverkstaden, som han sjølv tykkjer er eit flott tiltak for både born og vaksne.

– Her er mange kreative sjeler, avsluttar Stig, som er aktuell med nytt album april 2013.

- Flink kunstnar

Det kjem tydeleg fram under ei runde rundt på det gamle skulebygget at juleverkstaden sett fokus på born og unge. For rundt om kring kunne borna delta på ulike aktivitetar som julebakst, juleverkstad, sjå filmar, lage heimelaga klubber (kjærleik på pinne) og mykje meir.

Men også dei vaksne storkosa seg. Det gjorde også utstillarane Unni Rinde frå Leikong og Bodil Dale frå Haddal. Dei har med seg fleire flotte scrapping-produkt som dei skal selje under marknaden. I tillegg arrangerer dei kurs for dei som ynskjer å lære korleis ein kan nytte sine kreative sider til å lage flotte produkt.

– Scrapping er veldig kjekt å halde på med. Og ikkje minst er det kjekt å lære det vidare til andre. Det er ein terapi for alt, fortel Rinde og Dale.

Lenger inne i bygget står kunstmålaren Monica Vermeer frå Nederland. Ho har den siste tida arrangert ein del målekurs ved skulen i bygda.

Sundag står ho saman med to av sine målarelevar Bente Mork Blindheim og Ingebjørg Eidheim Ulstein som skryt av Monica som både lærar og kunstnar.

– Monica er ein utruleg flink lærar og pedagog. Ho har lært oss gode teknikkar for å leite fram gode motiv vi kan måle. Også korleis vi skal leite fram dei nonfigurative motiva, fortel Eidheim Ulstein og Mork.

Monica smiler breitt av dei positive kommentarane. Ho fortel at elevane på kurset er flinke, og at det er veldig kjekt å jobbe med dei.

Monica skal blant anna starte opp med målarkurs ved skulen til nyåret. Då er temaet abstrakt og portrett i akryl.

Neste år skal ho også delta som utstillar på “Smak av Ulstein” og ved galleri E&E i Fosnavåg. Monica gler seg.

Vellukka

Alt i alt er julemarknaden i Eiksund vellukka for både dei som deltok og dei som står bak.

Om du ikkje fekk med deg årets julemarknad, får vi håpe å sjå dei att til neste år.