Kristina Mikneviciene (f. 1983) er frå Litauen, men har dei tre siste åra budd og arbeidd i Ulsteinvik. I 2009 fullførde ho bachelorgraden ved Vilnius kunstakademi der ho spesialiserte seg innanfor glasmåleri. Tidlegare har ho hatt utstillingar både i Tyskland og i heimlandet, men desse har vore som ein del av utdanningsløpet. Dette vert altså hennar første utstilling etter ferdig utdanning. Glasmåleri, olje og teikningar

Kristina vil stille ut 12 glasmåleri. Glasmåleria hennar er nydeleg samansett av ulike fargar, og motiva er frå heimbyen, frå naturen og reint abstrakte. Kristina er allsidig. I tillegg til glasmåleria tek ho med seg fleire oljemåleri og teikningar. I oljemåleria kjem inspirasjonen frå naturen fram. Ho er oppvaksen med storslått natur rundt seg, og fasinasjonen for spelet i naturen kjem fram gjennom måleria. Ho kjenner seg mest att i impresjonismen, og let seg påverke av Claude Monet, Pierre-Auguste Renoir og Camille Pissarro sine magiske teknikkar.

Ingrids glassverkstad

Saman med Kristina har vi fått Ingrid Cecilie Ulla til å stille ut. Ho er utdanna ved glasskulen Kosta Boda i Sverige, og er ei av tre glasblåsarar ved Ingrids glassverksted i Moloveien i Ålesund. I år har Ingrid 20-års jubileum som glasblåsar og 10-års jubileum for Ingrids glasverkstad. På verkstaden både formgjev og bles ho glasa som er til sals, og i tillegg vert produkta hennar seld frå diverse utsal over heile landet. Glasblåsing er for Ingrid ein livsstil som tek del i henne døgnet rundt, og hennar kreativitet fører stadig til nye utformingar. Med seg til Ulstein kunstlag kjem Ingrid med både vasar, fat og glas i ulike fargar, storleik og prisklasse.

Vi gler oss til å sjå desse to saman, det vert ei unik utstilling med mykje godt for auget.