Tradisjonen tru byttar dei to kulturskulane på Hareidlandet lokalitiet for danseoppvisninga segimellom kvart år. I år var denne i Hareidhallen. Det var to framsyningar laurdag ettermiddag, den første ved Hareid musikk- og kulturskule, medan den andre var ved Ulstein kulturskule. Under begge framsyningane fekk publikum betre kjennskap til dansarane sin treningskvardag, med utdrag frå treningsøvingar. Det var alt i frå enkle handrørsler til fotarbeid på svært høgt nivå. Dei eldste gruppene var med på begge framsyningane, i tillegg til i ein samla fellesdans med dansarar frå begge kulturskulane.

Under leiinga til Penny Jackson Indreflø viste dansarane prov på mange treningstimar og rein danseglede. Publikum sette tydeleg stor pris på å få sjå borna og borneborna sine, og kva dei har lært.

Sjå bileteserie i vindauget øvst i saka.