For andre året på rad gjorde vêret førehandsspådomane til skamme og sjølv om det vart ein frisk start på 17. mai for dei som deltok i toget frå Ulstein skule, så var det lite å seie på vêret, der også sola dukka opp i perioder.
Med Ulsteinvik skulekorps som takthaldarar, sette toget eit friskt tempo frå Skeide og innover mot Ulsteinvik. Der fletta ein inn i det store toget, og tok heile runda rundt Ulsteinvik sentrum, før det vart stopp og kransenedlegging ved Ulstein kyrkje.
På høgresida av saka kan du sjå video frå Skeide og Ulsteinvik (I botnen dersom du brukar mobilutgåva)