I fjor gav same forlaget ut ”Bilen og folket i Hareid og Ulstein 1916-1961” som blei ein salgssuksess med nytt opplag i 2007. I samarbeid med fotballentusiasten Per Gunnar Hamnøy, skal forlaget no gje ut boka ”Stadion – fotballstadionar på Sunnmøre”. Her vil om lag 70 stadion på Sunnmøre bli presenterte, både i form av bilde, fakta om bane og spelarar. Boka vil også innhalde mange små morosame historier knytt til banene og laga som har spelt der. Det skulle vere rikeleg med stoff å ta av frå ei lang og god Sunnmørsk fotballhistorie. – Sunnmøre Fotballkrets stiller seg svært positivt til bokprosjektet og støttar det så langt dei kan, fortel Einar Grimstad i Spor Forlag i ei pressemelding. I desse dagar er det sendt ut forespørsel til alle lag og banestyre etter bilde og historier som kan brukast. Igangsettaren Per Gunnar Hamnøy seier at han har stor tru på at dette vil bli ei populær bok som bør finnast i alle heimar med eit snev av fotballinteresse. - Vi tek sikte på å lage ei praktbok med mykje fakta og morosame bilde og historier. Det vil også bli lagt til rette for at laga kan tene pengar på prosjektet. Spenninga ligg no i om laga tek opp hansken og sender inn nødvendig informasjon i tide, slik at boka ligg føre til sommaren, avsluttar Einar Grimstad.