Dette er opphavleg Tord Gustavsen sitt tingingsverk til Vossa Jazz 2008 og startskotet for Tord Gustavsen Ensemble som har framført verket berre få gonger. I haust kom albumet Restored, Returned som er basert på tingingsverket. Tord Gustavsen er ein internasjonal anerkjend jazzmusikar og komponist, som saman med sin eigen pianotrio har turnert mykje i inn- og utland. Han har tre trioutgjevingar bak seg på ECM Records. "The Ground" (2004) låg på førsteplass på VG-lista, som første instrumentalalbum nokosinne. Alle albuma hans har toppa jazzlister rundt omkring i verda og etter platemeldingane av Restored, Returned, er det mykje som tyder på at også dette blir ein publikumsvinnar.
Om verket
For bestillingsverket til Vossa Jazz samla Tord Gustavsen trådane frå nokre av dei sterke musikalske dialogane han har vore involvert i dei siste åra – duoen med Tore Brunborg, det tette samspelet med trommeslagaren Jarle Vespestad i Tord Gustavsen Trio; den mangeårige relasjonen til songaren Kristin Asbjørnsen; det viktige arbeidet med bassisten Mats Eilertsen i Nymark Collective og ulike andre prosjekt; samt konsertar med tekstresitasjon frå skodespelaren Cecilie Jørstad. Hovudtanken bak verket har vore å ta tak i ei form for musikalske miniatyrar som ofte har vore improvisert fram mellom låtane i trioen sine konsertar – sekvensar som på same tid har voggesongen si enkelheit og harmonisk fleirtydigheit – og å bruke desse som basis for ein heil konsert. Verktittelen "Restar av lukke, bitar av tru" er henta frå Lars Amund Vaage sin poesi som skodespelar Cecilie Jørstad resiterer frå. Kristin Asbjørnsen syng tekstbitar frå William H. Auden i eit lydbilete som har eit visst gospelpreg som kler Asbjørnsen si røyst perfekt.