Avslutningskonserten skal vere i Vikingen ungdomsklubb i Ulsteinvik. – Repertoaret kjem til å vere ei oppsummering av vår tid. Vi vil mellom anna spele Deep Frozen-songen, Life in Happiness og Fantasy, fortel Sølve Styve Sæbø i Deep Frozen. Bandet har skrive alle songane sine sjølve. Historia bak bandet Deep Frozen består av fire medlemer. Sølve Styve Sæbø er vokalist og gitarist, Nils Kristian Pilskog speler sologitar, på bass finn ein Kristian Brudevoll og bak trommene sit Olav Ulstein Vattøy. Gutane gjekk på skule i lag, og starta å spele saman i 7. klasse. Dei heldt fram med spelinga gjennom heile ungdomsskulen, og fram til i dag. No går dei andre året på vidaregåande, og er rundt 17 år gamle. – Vi har spelt i lag i fire og eit halvt år, men no føler vi at vi er litt ferdige med det, seier Sølve. Bandet var mest aktive den tida dei gjekk på ungdomsskulen. Dei har mellom anna delteke i Ungdommens kulturmønstring, og også gått vidare til fylkesmønstringa. – Eg ser tilbake på det som ei veldig lærerik tid. Vi har hatt mange sceneopptredenar, og har dermed vorte meir scenevande, seier Sølve. Vil halde på med musikk Sjølv om Deep Frozen no går kvar til sitt, så vil vi framleis kunne sjå nokre av bandmedlemene på scena. Vokalisten Sølve og bassisten Kristian skal spele vidare i bandet GoodFeel. – Trur du det vert vemodig å halde avslutningskonsert? – Det kan hende det vert litt trist, men samstundes trur eg dette er det rette. Det er viktig å slutte, medan leiken er god, avsluttar Sølve Styve Sæbø. Deep Frozen håper på fullt hus under avslutningskonserten. Målet deira er å avslutte med stil.