– Bli med og lage neste UKM til det beste så langt. Meld deg på, oppmodar arrangørane.

UKM står for «Ung kultur møtes» og har ein lang tradisjon i våre to kommunar og elles i landet. UKM 2017 for Ulstein og Hareid blir arrangert i Sjøborg kulturhus laurdag 4. mars. Arrangør er kulturkontoret i Ulstein saman med ungdom som melder seg på som arrangørar.

– Vi er fleire frå Ulstein ungdomsråd og det frivillige ungdomscrewet til Bell Ungdomsklubb som vil melde oss på som arrangørar. No håpar vi på rekordstor påmelding, seier leiar Aurora Dimmen Bratli i Ulstein ungdomsråd.

Slik gjer du det

Sjølv om påmeldinga er open fram til 22.februar oppmodar arrangørane om å melde seg på så raskt som råd.

– Det er gjerne enklare å melde seg på når ein ser andre har gjort det. Så om du veit du har noko du vil delta med så meld deg på raskt, så kan du heller om behov gjere endringar i påmeldinga i etterkant, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

For påmelding gå til nettstaden www.ukm.no og finn din kommune, Ulstein eller Hareid. I tillegg til kategorien arrangør kan ungdom i alderen 10-20 år melde seg på innanfor kunst, med film, som konferansier, innan media (journalist/fotograf) eller på scene, som omfattar alt frå til dømes musikk, song og dans - til teater, stand up og sjonglering.

– Kultur er mykje så det er nærast berre fantasien som avgrensar kva ein kan delta med på UKM. Om nokon har spørsmål knytt til påmelding så er det berre å ta kontakt, avsluttar ungdomsarbeidar Marie Flatin.

FAKTA:

UKM (Ung kultur møtes) er mange små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle slags kulturutrykk.

UKM for Ulstein og Hareid er 4.mars 2017 i Sjøborg kulturhus

Barn og ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på det lokale UKM-arrangementet. Påmelding frå 1.desember-22.februar.

Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for sin kommune.

Lokale deltakarar som blir sendt vidare til fylkesmønstring må vere frå det året ein fyller 13 til det året ein fyller 20 år. Om det er ei gruppe må minst halvparten vere i denne alderen.

Kvart fylke sender i neste omgang om lag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen.

For meir informasjon: www.ukm.no