Kan du huske det hareidsbaserte bandet SKÓG, som ved fleire høve har halde konsertar i bygdene våre? No kjem dei både med ei rykande fersk låt og med EP-slepp i 1. kvartal 2017. Og ikkje minst; dei skal spele under festivalen Trondheim Calling 2.-4. februar.
I ei pressemelding frå bandet heiter det at «sunnmørske Skóg har snudd seg selv på hodet». Resultatet er «NOD», ein poppete og iskald indielåt produsert i Øra studio.
«NOD» er 100% hjertesorg; ein elegi om den nådelause prosessen vi alle skal få oppleve i livet, men som vi må godta å gjennomleve.
Skóg karakteriserer seg sjølve som eit nostalgisk og egoistisk vesen. Den komande EP-en kjem til å ha eit gjennomgående tema om «sjølvet», om det å vere sjølvoppteken og korleis ein kan bli slukt av seg sjølv. Skóg opererer ikkje i spesifikke sjangerar. Dei nemner alt frå A-ha til Sigur Rós – og vi får høyre Skóg meir hardtslåande og meir moderne enn før.
Til no har du kanskje fått med deg Skóg på NRK P3 Urørt, der dei har rullert med april-utgjevinga «Waves». No står nye tider for døra deira.