I desse dagar vert det baka og pynta  rundt i dei mange heimar. Her på berget har vi ei rekke tradisjonar som høyrer jula til, men for dei som er nye i landet er dette ukjend. Difor har Internasjonal Kvinnegruppe i fleire år hatt både juleverkstad og bakeverkstad saman med nokre av våre nye landsmenn.

- På juleverkstaden var det 30 damer som laga juledekorasjon, sydde julehjerte og stjerne. Nokre er busett i kommunen, andre bur på mottaket. Då vi hadde bakeverkstad i førre veke, var vi 17. Praten gjekk livleg og tid til ein kaffikopp var det sjølvsagt og. Borghild Kaldhol på 87 år gav tips om krumkakesteiking, så alle kan være med på det som Erna Solberg kalla kvardagsintegrering. Nilofar Poukodabash  tok del med sine erfaringar som profesjonell kokk og tok seg av steiking av kakene, slik at dei blei perfekte, fortel diakon i Ulstein sokn, Ranveig Kaldhol.

Neste gong vi samlast til aktivitet er det kanskje nokon av dei som lærer oss nordmenn nokon gode rettar.