– Ulsteinvik er staden vi reiste til for å tape i fotball, fortel Are Kalvø som no er klar til å tilgi. På eitt vilkår.

Føresetnaden for å få tilgjeving for å ha slått fotballaget frå Stranda er å kjøpe billett til framsyninga «Are Kalvø - Ein time av livet ditt du aldri får tilbake». Førstkomande torsdag gjestar humoristen Sjøborg med denne framsyninga.

- Sjølv om tittelen kan høyrast litt deprimerande ut, så er ikkje framsyninga meint å vere det. Temaet omhandlar kva det er vi eigentleg brukar tida vår til, og for enkelte kan dette kanskje vere deprimerande å finne ut. Dersom framsyninga fører til at folk kanskje går litt i seg sjølv og vert meir medvitne på korleis dei nyttar livet sitt så er det fint, men først og fremst vil eg at folk skal synest at dette er artig og at dei kosar seg, seier han.

Vi søv i 27 år

I ein presseomtale av framsyninga går det fram at om lag tre og eit halvt år av livet går med til å pusse tennene og stelle oss og at 27 år av livet går med til å sove. Are Kalvø gått gjennom talmeterialet til Statistisk Sentralbyrå si Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til alt det merkelige vi nyttar tida vår til.

Kalvø har reist land og strand rundt med framsyninga sidan september i fjor, frå Longyearbyen i nord til Mandal i sør.

- Det har vore ei veldig hyggeleg reise, fortel han.

Som  lokalavis er vi pålagde å spørje om han har noko tilhøve til Hareidlandet:

– Ulsteinvik er staden vi reiste til for å tape i fotball. Hødd var alltid ei aning kvassare enn Stranda. Men bortsett frå det har eg absolutt eit positivt inntrykk av Ulsteinvik, seier Kalvø som fortel at han har ein del kjentfolk her.

– Kva med Hareid då?

– Hm. Hareid har eg ikkje besøkt så mykje, men vi vann truleg litt oftare når vi spelte mot dei i fotball, resonnerer Kalvø.

I alle fall: Det framleis nokre ledige plassar att til torsdagens framsyning, om du skulle vere på jakt etter tilgjeving eller ikkje.