Det endelege programmet for konserten er enno ikkje heilt klart, men det er på det reine at fem vaksenkor frå kommunen skal synge. Dei er: Bigset Blandakor, Hareid blandakor, Hareid kammerkor, Grimstadkoret og Vox Virorum. - "Gollj og Gråstein" og "Brandalskoret" kunne ikkje vere med denne gongen. I tillegg har arrangøren fått ja frå eit barnekor med Torgeir Hauge som leiar og ein ungdomskvartett som kallar seg "Hareidingane". Det blir også duettar, solosong og diktopplesing. Konserten blir avslutta med "Lova Herren mi sjel" som fellesnummer. - Kora kjem til å framføre komposisjonar av Johan H. over eit vidt spekter. Det blir songar der Johan H. står for både tekst, tone og arrangement og songar der han står for ein eller to av delane. - Så sett av denne kvelden. Det blir teke inngangspengar. Overskotet skal gå til å fremje minnet til Johan H. G. blant anna ved å ta vare på komposisjonane hans, fortel Holstad.