Onsdag kveld er det premiere, og denne framsyninga er open for alle som vil. Torsdag er barnehagane i kommunen inviterte. Over to hundre barn er alt melde på. Elevane ved Dans.Scene-linja på SUFH gler seg til å opptre. Samstundes synest dei det er ei stor utfordring å lage ei framsyning for barn. – Barn skjuler ikkje om dei kjedar seg. Vi har prøvd å skape ei framsyning der det skjer noko heile tida for å unngå at dei kjedar seg, seier Sarah Linn Lauridsen Hindal. Jentene meiner at ei av dei største utfordringane vert å halde på merksemda til barna gjennom heile showet. – Det er viktig å skape tydelege sceneskifte, og der får vi god hjelp av fargane, føyer Ida Katarina Lode til.

Fargar og kjensler

Elevane har jobba med temaet fargar. Kvar koreografi tek utgangspunkt i ein farge. – Kvar gruppe trakk to fargar, og deretter skulle vi formidle dei kjenslene desse fargane gjev oss, forklarer Stine Tamlag. Den lysegrøne fargen assosierer dei med sommar og sommarfuglar, medan den mørkeblå får dei til å tenkje på hav og fiskeliv. – Min personlege favoritt er den gule dansen, seier Stine utan å avsløre meir. I løpet av showet vil nok dei fleste finne ein dans i sin yndlingsfarge. Her vert det gul, grøn, oransje, blå, turkis, raud og ikkje minst rosa.

Passar for alle

Elevane står for alt sjølve. Det vil seie lysdesign, kostyme, koreografi og sceneutforming. Trass i at framsyninga er spesielt retta inn mot barn så er det ei framsyning som passar for alle, i følgje jentene. Publikum vil få sjå fleire ulike dansestilar. Det vert mellom anna tango, disco og moderne dans.

Elevane øver intenst dei siste dagane før premieren onsdag kveld. Detaljane skal vere på plass.