Sylvia Strand saman med mannen Jonathan Gregory under festen på Oslo Plaza etter finalen. Foto: Lars Johan Stokke

Jenta frå Ulsteinvik representerte Kypros på Telenor Arena på Fornebu, og dei landa på 27 poeng og vart med det nummer 21 av dei 39 landa som deltok i konkurransen.

– Det var ei fantastisk oppleving å få vere med i finalen, sa Sylvia til Vikebladet/Vestposten ein time etter at showet var over

. – Er de nøgde?

– Før vi kom til Oslo var målet å gå vidare frå semifinalen, noko som vi gjorde allereie torsdag kveld. I finalen var det viktig å unngå talet 0 i resultatprotokollen. Det klarte vi, og samstundes var det artig å slå Storbritannia, ler den Wales-baserte musikaren.

– Korleis var det å opptre?

– På førehand var vi redde for at det skulle låte surt, men vi gav vårt aller beste og er kjempenøgde! Men det var ein ”ein-gong-livet-oppleving” å få synge framfor 18 000 tilskodarar og 120 millionar TV-sjåarar. Ho synest heile opphaldet i Oslo har vore strålande

. – Det har vore ei både utruleg og surrealistisk oppleving, men det har vore fullt køyr heile tida. No er eg fullstendig utsliten og er blitt forkjølt, seier ho – før ho får seg nokre timar med søvn.