Tradisjonen med å selje rjomegraut på Bigset i samband med syftesok går tilbake til 1920-talet. Den tida vart grauten kokt rundt om på gardane og køyrd med torvtriller til kjellaren på Bigset skule, der utsalet var.

På 1950-talet vart Grimstad bedehus flytta til Bigset – og frå då av vart grauten seld der.

No har ein ny generasjon sanitetskvinner teke over ein tradisjon som har vore halden i hevd i alle år. Dei har kjøpt inn store kvanta mjølk frå storbonden i Hjørungdalen og kokt ut rjome i heimane. Teknikkane har dei lært av forgjengarane, som no etter kvart har sleppt frå seg ansvaret.

Den som tek turen til Bigset bedehus tysdag får seg altså eit måltid det verkeleg ligg tradisjonar i.

Syftesok er eigentleg 2. juli og er ein merkedag til minne om den heilage Svithun av Winchester. Namnet tyder ”Svithunsvaka”. Når Bigset-kvinnene byr på graut 1. juli, skjer det altså på syftesokafta.

I tidlegare tider vart syftesok feira med bålbrenning, og enkelte stader var det vanleg å reinske åkeren denne dagen.