Studio Hugo Opdal har sekken full av kunst for små og store born - og byr på verk frå heile åtte anerkjende kunstnarar.

Hugo Opdal ønskjer velkomen til opning av salsutstilling førstkomande sundag.

Flø-nissen kjem

Denne sundagen kjem Flø-nissen med overraskingar til dei minste.

Og det blir forteljarstund med Ingunn Røyset som i haust har gjeve ut boka Prins Stom.

Det blir boksignering og teiknekrok for born.

Femti verk

Utstillinga «Glad jul på Flø» byr på oljemåleri, grafikk, skulpturar, smykke og glaskunst – til saman nærare 50 verk.

Dei fleste av dei åtte deltakande kunstnarane har tidligare halde separatutstillingar i det intime lokalet, men galleriet er stolt over at dei også kan presentere eit heilt nytt kjennskap i Cathrine Maske.

På Flø stiller den internasjonalt anerkjende glaskunstnaren ut saman med Håvard Vikhagen, Nico Widerberg, Magne Furuholmen, Camilla Prytz, Javier Barrios, Christer Glein og Pushwagner.

Juletreet blir pynta med smykke og glas.

Sidan det snart er jul kan bileta kundane kjøper takast med direkte heim etter kjøp.

Heile familien er hjarteleg velkomen til å nyte sundagen på Flø.

Ingunn Røyset har forteljarstund for dei minste der ho les frå boka si.