Konserten er eitt av mange arrangement i samband med markeringa av 200-årsdagen til Ivar Aasen. ”Guten” er Nordstoga si fjerde plate og inneheld tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg. Kritikarar og publikum har gjeve plata svært god mottaking.

2013 er det nasjonale Språkåret som markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.

– Nest etter Ivar Aasen var Aasmund Olavsson Vinje den første til å bruke Aasen sitt landsmål til både lyrikk og sakprosa, og dei to samarbeidde nært. Difor høver det svært godt med ein Vinje-konsert, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. – Dikta hans er av ein eineståande karakter, og er like aktuelle i dag som då dei vart skrivne. Min intensjon er å pakke dikta inn i viseformatet, slik at teksten kjem tydelegare fram enn i romansetradisjonen, og slik at Vinjes tekster på mange måtar framstår meir moderne, seier Aasmund Nordstoga.

Konserten presenterer Vinje som lyrikar, samfunnsdebattant og humorist. Edvard Grieg tok Aasmund Olavsson Vinje ut til all verdas operahus. Nordstoga ønskjer å ta han heim att til Plassen i Vinje.

Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Ivar Aasen-tunet feirar med over 20 arrangement i dagane 1.–5. august. På den store fødselsdagsfesten 5. august held kulturminister Hadia Tajik tale for jubilanten, og tekstar av Aasen blir framførte på fleire språk. Med på feiringa fem dagar til ende er mellom andre Aasmund Nordstoga, Rut Tellefsen, Berit Opheim, Edvard Hoem og Maria Parr. Representantar for dei politiske partia kjem og snakkar om verdien av nynorsk.