Det var Norsk-tamilsk Mediasenter som hadde invitert til seminaret, som samla om lag 30 tilhøyrarar - både nordmenn og tamilar. Norsk-tamilske studentar stod for programmet. Nokon annan veg til fred på Sri Lanka enn at alle folkeslaga der blir likestilte, såg ikkje Gunn Berit Gjerde, som støtta tamilane sitt krav om eit eige område med sjølvstyre. Ho viste også til FN-prinsippet om at alle folk skal ha "sjølvbestemmelse". - Tamilane er overkvalifiserte til det, meinte ho. Før denne sluttappellen hadde tilhøyrarane fått ei god og grundig innføring i tamilane si historie, tilhøvet mellom dei ulike folkegruppene på øya - og ikkje minst om den geopolitiske situasjonen. Tamilane sitt krav om ein separat stat i nordområda på Sri Lanka vart samanlikna med dei innfridde krava om separate statar i Kosovo og Aust-Timor. - Kvifor kan ikkje tamilane få eige sjølvstyre når desse folka har fått det? spurde Jeswanth Pusjparajah, som saman med Mani Radhakrishnan og Krishan Thangavadivel stod for dei ulike foredraga. Konflikten på Sri Lanka handlar også om stormaktene si posisjonering. Då USA sette inn restriksjonar på våpensalet til Sri Lanka berre auka andre statar (ikkje minst Kina) bistanden - og dermed tilgangen på våpen. Ein tre-del av verdshandelen går forbi Sri Lanka, blant anna all oljen frå Midt-Austen til Kina. Derfor er det viktig å ha ei hamn på øya. Borgarkrigen på Sri Lanka har vart i 25-30 år. 97 prosent av dei drepne er tamilar. Særleg har krigshandlingane vore brutale etter nyttår. Seminaret teikna eit nokså dystert bilde av tamilane si framtid. Frykta for storstilte represaliar mot alle som kan mistenkast for å ha samarbeidt med frigjeringsorganisasjonen LTTE er no stor. - Greia no er at viss ikkje verdssamfunnet hjelper oss, så vil det kunne gå verkeleg gale. Framtida til tamilane utan eit slikt inngrep er dyster, vart det hevda frå foredragshaldarane. Men held undertrykkinga av tamilane fram, reknar ein med at motstanden vil halde fram på andre måtar enn før. Seminaret vart avslutta med ei runde spørsmål og svar. Avslutningsvis kom Gunn Berit Gjerde med ein appell til alle som sympatiserer med tamilane sin kamp mot undertrykking om å bli med i face book-grupper på internett. Elles er nettstaden tamilnet.com ei svært godt oppdatert informasjonskjelde.