Heilt sidan 1950 har Nordisk Sommaruniversitet (NSU) arrangert ulike forum for å utveksle idear og forsking. I år er det Ulsteinvik som er vertsbyen for den årlege sommarsesjonen, der eit hundretals menneske har vore samla ved Sunnmøre Folkehøgskule denne veka. Deltakarane er representerte frå heile Norden, Baltikum og nokre andre europeiske land. Små barn, studentar og professorar er dei som er til stades under dette arrangementet.
Første gong
Sesjonen starta måndag og programmet vil halde fram til søndags kveld. Dei påmelde deltakarane er delte inn i åtte ulike kretsar, eller arbeidsgrupper, avhengig av kva fagområde ein ønskte å vere ein del av. I tillegg til desse kretsaneer det ein eigen krets for barna, som har eit program som er eigna for dei. Solveig Styve Holte, som er ansvarleg for kultur- og kunstprosjekta for barnekretsen, har hatt eit interessant førstemøte med denne konferansen.
– Eg har fått treffe alle ungane og sett mellom anna at dei har fullstendig rekonstruert eit rom. Og så har eg vore på nokre kjempespanande presentasjonar i den kretsen som eg følgjer, seier den lokale kunstnaren.
Sjudagarspremiere
Ettersom dette er den første gongen Holte deltek på NSU sin sommarsesjon, var ho ikkje heilt sikker på kva ho eigentleg deltok på. Men korleis det kjennast å vere ein del av arrangementskomiteen i dette høvet har ho gjort seg opp ei meining om.
– Det kjennast litt ut som ei lang premiere, eller ei sju dagars lang premiere. For dette er jo litt som å lage ein produksjon, skildrar Holte.
– Kva slags produksjon er dette då?
– Noreg sin representant i styret og leiaren i arrangementskomiteen, Sidsel Pape, ville at sesjonen ikkje berre skulle vere i Ulsteinvik, men også at folk skulle forstå at dei var på Sunnmøre. Altså at Sunnmøre ikkje berre var eit ord, men at det hadde noko innhald i det. Derfor har vi gripe tak i nokre institusjonar som er i nærområdet. Då tenkte vi å lage noko som ikkje kunne ha skjedd i Danmark, Sverige eller i Noreg for den del, påpeikar 29-åringen.
– Og ikkje minst skape noko unikt for sommarsesjonen også. Det endar ofte med at ein bestiller eit hotell i nærleiken av ein flyplass og så blir ein der, føyer Pape sjølv til og fortel at det i mange år at deltakarane ønskjer å bli kjende med staden dei held til under sesjonane.
Vakse opp med NSU
Nokre av dei eldste borna som er på desse årlege samlingane, har vore med heilt sidan 4-5-års alderen. Det meiner både Holte og Pape er spesielt med akkurat denne organisasjonen.
– Dei har vakse opp her. Kvar sommar har dei vore med på dette sommaruniversitetet, og har på ein måte mykje kompetanse allereie om kva dette er for noko, smilar Holte og får medhald frå Pape.
– For det er jo litt spesielt at så mange barn frå så mange nasjonar møtast og skal prøve å samhandle og leike i fem til seks dagar som kanskje ikkje snakkar det same språket eingong, seier Pape.
Grunnforsking
Deltakarane som er med på sjølve arrangementet får sendt ut all informasjon dei treng om komande møter, hendingar og vekeplanar gjennom ein eigen redaksjon som gir ut nettavisa NSU Dagleg. Men arrangementskomiteen har forståing for at dei som ikkje deltek kanskje ikkje kjenner like godt til kva som skjer under den vekelange konferansen.
– Så kva er eigentleg Nordisk Sommaruniversitets sommarsesjon?
– Grunnforsking er det som skjer her. Tverrfagleg, tverrnordisk grunnforsking. Det kan ein vel seie utan å ta munnen for full, forklarar Pape.
– Og det betyr då at studiekretsane sirklar rundt spørsmål og som ikkje allereie er dekka av ein utdanningsinstitusjon i Norden, slik at ein kan dyrke fram nye fagområde, supplerer Holte.
Ekskursjonar
Som ein del av opplegget vert det lagt til rette for at deltakarane kan reise på planlagte ekskursjonar til dei ulike samarbeidspartnarane til NSU.
Mellom anna besøkte ei gruppe på om lag 20 personar Rolls-Royce sine fasilitetar i går. I dag skal dei besøke Ivar Aasen-tunet, før det vert besøk til Rune Miljøsenter og Seanse i Volda seinare i veka.