To gonger i veka fram til jul blir det på Sunnmørsposten sine nettsider lagt ut nye episoder av "Regionen vår", eit humorprogram inspirert av lokal-TV-produksjon. Første episode er allereie ute, der Jann Leite (Ørjan Liavåg) fyrst introduserer ein gammal militærkompis av seg, Bodvar Eikenos, som presenterer dagens vers. Vidare i episoda blir det mellom anna "ein på gata" og ein sjarktur med nok ein gammal militærkompis.

– Programmet er veldig inspirert av lokal-TV-produksjon og den sjarmen det av og til kan ha, fortel Ørjan Liavåg til Sunnmørsposten.

- Leite er antimorosam

Det er ikkje nødvendigvis slik at alle kjem til å like denne nye humorserien, det er Liavåg klar på. Ein humorserie han kallar for "langt frå Norges dårlegaste lokal-TV-magasin."

– Det er ikkje A4-humor som går rett inn. Ein må tenke litt sjølv om det er morosamt eller ikkje. Jann Leite er eigentleg litt antimorosam, seier Liavåg.

I tillegg til Liavåg spelar Bjarte Jørgensen og Kai Taule dei ulike karakterane som dukkar opp i serien.

Journalist Stig Vågnes står for foto og regi, og seier dette om den nye humorsatsinga.

– Det heile er med vilje redigert saman på ein dårleg og pinleg måte, men serien har ein del moment som eg trur folk vil kjenne seg att i, seier Vågnes.