Unn Conradi Andersen debuterer med roman på Oktober Forlag:

Unn Conradi Andersen (45) er oppvaksen i Ulsteinvik, og ho vedgår at ho i romanen har brukt hendingar frå eige liv.

– Det gjer alle forfattarar. Eg har dytta kjensler eg sjølv har kjent på inn i alle karakterane i romanen, fortel ho.

Kynisk journalist

«Alt uavklart» handlar om journalisten Torunn, busett i Oslo, men frå ei øy på Vestlandet, som er oppteken av å fortelje historiene til andre.

– Eg har prøvd å skape ein journalist som er kynisk på andre sine vegne. Ho har metodar for å kunne utlevere andre sitt liv, og ho veit kva som skal til for at laussalet skal gå godt, seier Unn.

Dette er noko som Unn kjenner godt til sjølv. Heilt sidan ho var 16 år har ho visst det var journalist ho ville bli. På ungdomsskulen hadde ho praksisveka si i Vikebladet Vestposten, og nokre år seinare var ho i eit halvt år ein del av redaksjonen i lokalavisa. Deretter reiste ho til Oslo, utdanna seg og har jobba både i Dagbladet og VG.

Men etter kvart vart ho lei av journalistikken, og ville prøve noko anna. Ho enda opp med ein doktorgrad i sosiologi for sju år sidan. I dag jobbar ho som forskar og underviser på Westerdals, ein kreativ høgskule i Oslo, som blant anna utdannar forfattarar.

– Ville leike meg meir med språket

– Både som forfattar og som forskar må du disiplinere språket ditt. Eg fekk etter kvart eit behov for å leike meg meir med språket, og denne lysta gjorde at eg sette i gang med eit romanprosjekt.

Hovudpersonen i boka, Torunn, er altså ein kynisk journalist, som gjerne utleverer liva til andre. Men ho kjem til kort når ho vil undersøke nokre aspekt ved sitt eige liv. Når Torunn går i gang med å skrive om løyndomar i eigen familie, viser det seg at ho manglar språk. Så møter ho forskaren Siri som vekkjer overraskande kjensler i henne, og dette set forholdet til kjærasten Olav på prøve.

Unn Conradi Andersen si doktoravhandling hadde tittelen «Når margin blir mainstream. Forhandlinger av ekteskap, foreldreskap og slektskap i mediene», og det ligg i sakas natur at ho er oppteken av kjønnsperspektiv. «Alt uavklart» handlar også om dette.

Vann poesikonkurranse som 16-åring

Unn har likt å skrive så lenge ho kan hugse. På ungdomsskulen heime i Ulsteinvik skreiv ho ein dag eit dikt som læraren, Torhild Bugge sende inn til ein konkurranse i regi av Orkide-kampanjen, utan at Unn visste om det.

– Eit år seinare fekk eg telefon om at eg hadde vunne heile Orkidekonkurransen der premien var ein tur til Thailand. Eg heldt på å miste telefonrøyret i golvet, minnest Unn.

17 år gammal vart ho med i ein delegasjon som reiste til Thailand og det Gyldne Triangel, der dei fekk sjå bønder som hadde byrja å dyrke grønsaker i staden for opium.

Dikt er noko som alltid har fascinert henne, og i 2001 starta ho saman med Håvard Rem og Helge Torvund opp spalta «Diktkammeret» i Dagbladet, som i dag er ein open, nettbasert skriveverkstad for poesi.

«Alt er uavklart» er skriven på nynorsk, og Unn synest det er herleg å få skrive på nynorsk igjen.

– På same måte som sunnmørsnaturen pregar meg, kjenner eg at det er nynorsk som er språket mitt. I Dagbladet og VG fekk eg ikkje lov til å skrive nynorsk, ikkje ein gong då eg intervjua Marie Takvam. Heller ikkje i ein personleg spalte i VG fekk eg skrive på nynorsk om gleda mi over at Hødd vann cupfinalen, teksta vart omsett til bokmål. Heldigvis har takhøgda blitt større i VG og Dagbladet sidan den gongen. Eg er glad for at Oktober Forlag er velvillige til nynorsken.

Unn skal nok også vere glad for at ho er antatt nettopp på Oktober, blant forfattarar rekna som eit prestisjeforlag som er kjende for å jobbe grundig med språket før dei gir ut noko.

– Har du ein ny roman på gang?

– Nei, no vil eg kvile i det som har skjedd, og ikkje stresse med eit nytt prosjekt. Eg likar å vere forskar, og eg likar å undervise studentar. Men kanskje blir det litt boksignering og bokmesser etter kvart.

Og på same måte som Torunn i boka reiser heim til øya si på Vestlandet, dukkar nok Unn opp i Ulsteinvik for å signere bøker etter kvart.