(NPK): Scana Volda, tidlegare Volda Mek. Verksted, markerer hundreårsjubileet sitt med boka «Framdrift – frå Voldamotor til gir og propell.»

– Svingingane i denne bransjen er brå og brutale. Så å bli hundre år er litt av ein prestasjon, seier forfattaren, journalist i Sunnmørsposten Svein Aam.

Boka byggjer i stor grad på intervju med tilsette, og på personlege notat som avdøde pionerar har etterlate seg. Smed og montør «Bolder-Ola» fortel mellom anna om korleis dei kjempa for å halde liv i bedrifta gjennom dei harde trettiåra.

Erik Bye fortel i boka om den gongen han kalla sig eigen Voldamotor, Arthur, for ein «Vestlandsfaen». Bedrifta var eigd av dei tilsette til langt ut på 90-talet, då ho blei kjøpt av Scana-konsernet.

– Kva har skapt det maritime industrieventyret på Sunnmøre? Nokre av svara ligg i å studere historia til Volda Mek./Scana Volda, seier forfattar Svein Aam. Boka er skriven på oppdrag frå Scana Volda.

Administrerande direktør Kristian Sætre og forfattar og journalist Svein Aam. Foto: Scana Volda AS