Jacobsen var på Hadartun torsdag for å snakke med representantar frå både dei heimebaserte tenestene og frå sjølve sjukeheimen. Han og Inga Ishild Hareide fekk sagt til omsorgsarbeidar Heidi Kvalsvik og sjukepleiar Perdis Reitan at det er for mange små deltidsstillingar i systemet. - Ein ting den raudgrøne regjeringa kan skryte av å ha fått til er ei ny formulering i Arbeidsmiljølova der det heiter at deltidstilsette skal ha fortrinnsrett til utvida stilling framfor at arbeidsgjevar gjer ei nytilsetjing. - Denne paragrafen vil føre til at fleire kan få større stillingar, slo Jacobsen og Hareide fast. Dette var også dei to representantane for pleie- og omsorgstenesta opptekne av. Dei kunne opplyse at dei aller fleste "på huset" ønskte større stillingar. I dag går svært mange rundt i små deltidsstillingar og tremånaderskontrakter. Sjølv fekk Perdis Reitan ei 40 prosents stilling etter å ha gått høgskule. Ho ville ha meir - og fekk ei 75 prosents stilling. - Men eg vil opp til 100 prosent, slo ho fast. - Større stillingar er både kvinnesak og distriktssak, slo Inga Ishild Hareide fast. - Slike småstillingar er verken til å leve eller døy av, meinte ho. - Ja, eg vil sjå den høgskuleutdanna ingeniøren som er villig til å gå inn i ei 20-prosentsstilling, slo Jacobsen fast. Elles tok dei to SV-representantane fram tanken om 6-timarsdagen. Jacobsen meinte at kortare arbeidstid ville kunne føre til at folk vil jobbe lenger - inn i pensjonsalderen. Jacobsen hevda i så måte at forsøksordningar med 6-timarsdag i Oslo hadde vist gode resultat. For å få til ei utviding av stillingsstorleikane og ein reduksjon av arbeidstida meinte SV at ein måtte legge om dagens turnusordning. - Og det bør det gå an å få til, meinte dei.