Det norske jazzbandet Funky Butt kom til Hasund grendehus laurdag i middagstida. Då stod musikantane i Ulsteinvik skulekorps, Haddal skulekorps, Hasund og Dimnøy skulekorps og Julius Bigband frå Hareid klare til å ta mot ny lærdom. Til sommaren kan Funky Butt markere at dei har reist landet rundt i ti år og halde gehøgspelseminar. Ideen er at musikantane ikkje skal bruke notar. Funky Butt spelar melodien, kursdeltakarane skal lytte - og så spele og improvisere sjølve. Vanlegvis brukar deltakarane på eit slikt seminar å lære seg 3-4 songar. Desse har lært seks, og det synest vi er imponerande, opplyste Funky Butt-trommis Knut Lothe. Dei andre musikantane i Funky Butt er Vidar Sæther (saksofon), Anders Aarum (piano), David Gald (tuba), Even Skatrud Andersen (trombone). Kåre Nymark (trompet) var ikkje med, han hadde blitt far tre dagar tidlegare. Seminaret kulminerte med konsert på Hasund grendehus søndag ettermiddag. Først briljerte musikarane i Funky Butt med nokre nummer åleine. Rett bak sat dei lokale musikantane og såg ut som dei klødde etter å kome i gang sjølve. Musikantane må ha vore som svampar, for framføringane deira var flotte. Fleire solistar var i aktivitet, og inn i mellom trampa musikantane takta og klappa. Ja, Funky Butt hadde til og med lært dei å sprette opp etter at eit nummer var avlevert, hoppe opp i lufta og ta ein spenstig svikt i anklane i det dei møtte golvet igjen.

Betre samspel

Speleglede må vere stikkordet for mykje av det Funky Butt vil formidle. Julianne Hauge Mork i Ulsteinvik skulekorps var ansvarleg for seminaret. Ho meiner det viktigaste deltakarane lærte seg i helga var å frigjere seg frå notane. Samspelet blir betre når dei lyttar i staden for å sjå på notearket. Og spesielt for dei som ikkje er så notesterke kan det opne seg ei ny verd når dei får frigjere seg frå notane. For det er ikkje alltid dei notesterke som har beste gehøret, slår ho fast. Kva musikantane skal bruke den nyerverva kunnskapen til er ikkje heilt bestemt enno. Men korpsa skal spele under opninga av det nye kulturhuset i Ulsteinvik i vår, og Julianne Hauge Mork ser ikkje bort frå at det då kan kome til å ljome litt jazzete New Orleans-inspirerte tonar over Ulsteinvik sentrum då.

Funky Butt-tubaist David Gald spelar saman med lokale tubamusikantar.
Julianne Hauge Mork (her saman med morosame Knut Lothe i Funky Butt) meiner det viktigaste deltakarane på seminaret lærte var å frigjere seg frå notane og heller lytte meir.