Onsdag 21. november held Skirbekk eit foredrag om kva det vil seie å vere norsk og moderne i dag. Etterpå samtalar han med Ottar Grepstad om viktige spørsmål og saker han har vore engasjert i gjennom fleire tiår.
Bakgrunnen for arrangementet er at Gunnar Skirbekk fyller 75 år i år. Han var professor ved Universitetet i Bergen frå 1979 til han pensjonerte seg. Undervegs har han undervist tusenvis av studentar i filosofihistorie og politisk filosofi, skrive essay om kattens vesen og om natur og kultur, og tenkt høgt om kva som no bør gjerast med eitt og hitt. Saman med Jon Hellesnes og Hans Skjervheim har han gjort det filosofiske essayet til ein nynorsk spesialitet. I lag med Nils Gilje har han skrive ei lærebok i filosofihistorie som i dag kan lesast på mange språk.
Gunnar Skirbekk både tenkjer og meiner. Han var ein viktig medspelar i arbeidet med å etablere distriktshøgskular i bygdemiljø kring 1970, har grave grunnen unna mang ein ekspert, tenkt kritisk om utdanningspolitikk og norskfaget, og fører like klar tale i språkpolitikken.
– Gunnar Skirbekk er ein av desse som ikkje vil ta alt for gitt, så det er berre å kome seg ut onsdag kveld, seier Ottar Grepstad.
Kafeen er som vanleg open og serverer heimelaga graskarsuppe før og etter arrangementet. I butikken er det mange gode julegåveidear og tilbod på litt av kvart.