Blandinga mellom kulturinnslag, sal av ulike matvarer og ei variert samling utstillarar har vorte eit varemerke for messa som i år vart arrangert for 25. gong. Mellom dei mange kulturinnslaga var det særleg trylleshowet med MagiCurty laurdag fascinerte mange.

I tillegg til trylling fekk publikum oppleve mellom anna både Bigset skulekorps, gjestekorpset Vartdalsstranda Generasjonskorps, Ingrid Karoline Smoge, Musikklaget Melshorn, Hareid skulekorps, bokpresentasjonar ved Ingunn Røyset og Johan Ottesen, Sofie og Simon Tonev Gjerde for å nemne nokre.

Arrangørane reknar med at rundt 1000 betalande har vore innom Bigset skule i løpet av helga. Dette er litt færre enn i fjor, men Hilde Kirkebø Bjåstad og Linda Godø Kostaris i messenemnda er likevel godt nøgde med årets messe som er den 25. i rekka. Nemnda elles har bestått av Kristian Fuglseth, Linda Bjåstad Hustadnes og Renate Røyset Østrem.

– Om lag ein tredjedel av utstillarane er nye. Vi måtte også seie nei til nokre på grunn av at rett og slett ikkje har plass til fleire. Messa bør ikkje verte for stor. Det kan gå ut over kvaliteten og for oss er det også viktig at utstillarane føler at vi tek oss av dei på ein skikkeleg måte, seier Kostaris som har vore stand-ansvarleg.

Trufast

Ein av dei som deltek fast på Bigsetmessa er bierøktar Vidar Kalland. Han bur på Leikong, men er opphavleg frå Hareid.

– Dette er den einaste messa eg deltek på. I tillegg til at eg får selje honningen min, er dette ei fin anledning til å treffe gamle kjende frå Hareid seier han.

Andre utstillarar vi snakkar med let også vel over messa. Victoria Rinde tildømes, som nyleg opna eige fotostudio på Hareid, kunne fortelje om godt sal av rammer og andre bilderelaterte produkt. Ho hadde også rigga seg til med eit ministudio i ei krå der dei som ville kunne la seg avbilde mellom saueskinn og andre rustikke kulissar.

Bigsetmessa er hovudinntektskjelda for Bigset skulekorps saman med kakesalet på 17.-mai. For å få til dette er dei naturleg nok avhengige av at det vert gjort ein god porsjon dugnadsinnsats frå korpsforeldra.

– I staden for å ha mange små dugnadar gjennom heile året, har vi satsa på å slå alt saman til ein stor dugnad med full innsats denne eine helga i året, forklarer Kirkebø Bjåstad.