Årets kunstival er lagt til sundag 10. september.

Hugo Opdal stadfestar til Vikebladet Vestposten at det blir Go With the Flø også i år, til trass for utfordrande tider.

– Det blir knallbra, varslar han. Kunstivalen er eit samarbeid mellom Studio Hugo Opdal og bygdefolket på Flø, og Sparebanken Møre er med på sponsorsida.

Programmet for årets kunstival er intensivert til å vare to timar. Galleriet og grillinga startar og sluttar litt seinare.

Mariann Rosa (vokalisten frå Surferosa) er DJ og speler opp til dans, det blir aktivitetar for born og det blir kunstutstilling der kunstnaren sjølv vil vere til stade.

Yves Scherer lagar bilete som berre må opplevast, seier Opdal. Dei er vanskeleg å skildre. Det er fleire motiv som forandrar seg etter kva vinkel du ser biletet. 29-åring er frå Sveits, men held til i New York. han har hamna på ei liste over 30 kunstnarar under 30 år som Forbes Listen har tru på.

– Det blir gøy å få han til Flø. Han er ein fin fyr som byr på seg sjølv, seier Opdal.

Han har utstillinga mange stader i verda, og kjem rett frå Wien til Flø. Han rekk å vere berre ein time på utstillinga, før han må vidare til New York.