Det er Øystein Ekroll og Per Eide som har stått for tekst og foto. Boka er på 384 sider i stort format.
Skarbø omtalar bilda til Per Eide som ”krona på verket”, og han held fram:
”- Her syner han seg verkeleg som den meisterfotografen han er, både eksteriørt, men særleg med omsyn til interiøra. Kyrkjeinteriør er særskilt vanskeleg å fotografere på grunn av dei store kontrastane mellom lys og mørke og alle detaljane som skal med. Men det fiksar Per Eide. Her blir lesaren berre sitjande og gape, eller rope begeistra over seg, etter kvart som han blar seg gjennom boka. Vi bøyer oss i støvet!”
Skarbø meiner at ”Sunnmørskyrkjene” ikkje berre er eit storverk. Det er også eit livsverk og ei skattkiste av ei bok som ein stadig vil vende tilbake til.
Også forfattar Øystein Ekroll får skryt – for å ha laga ein svært lettlesen tekst.
Ekroll er middelalderarkeolog med steinkyrkjer som spesialitet – og har fleire kyrkjehistoriske bøker bak seg.