Anders, eller "Slakky" som han kallar seg, har halde på med kunst i fire-fem år og jobba hardt fram mot utstillinga som opna fredag kveld i Hareid kunstlag sine lokale. Då utstillinga vart opna hadde om lag 70 personar møtt fram. Og fleire kom til etter kvart.

- Eg er veldig nøgd. Det kom fleire folk enn forventa. Eg håpte på 30-40, seier Anders til lokalavisa.

Under opningsseremonien framførte Anders og kunstlæraren hans Roger Wagland songen Starry Starry Night (Vincent) av Don McLean. Deretter las Anders nokre dikt han hadde komponert sjølv på engelsk. Inga Ishild Hareide frå kunstlaget skrytte av Anders då ho fekk ordet, og framheva dei flotte fargane Anders har i bileta sine.

- Eg er ganske godt nøgd med utstillinga, som inneheld kunst alle kan like, seier Anders.

Om lag halvparten av måleria er kopierte av godt kjende kunstnaren. Derfor heiter Anders si utstilling "Anders blant dei store". Den andre halvparten av måleria hadde Anders tenkt ut motiva til sjølv. Her kunne vi sjå alt frå gamle gitarheltar, ein spektakulær robotmann og eit portrett Anders hadde laga av faren sin Ole Øiestad.

Utstillinga er open også laurdag, søndag og måndag.

Alle foto: Einar Orten Trovåg