Kunstgalleriet Studio Hugo Opdal på Flø inviterer til salsutstilling med nye verk av Vibeke Slyngstad, Sverre Bjertnæs og Kenneth Blom. Utstillinga opnar sundag 24. april og varer til og med 15. mai.

Vibeke Slyngstad (47) er fødd og oppvaksen i Ålesund. Ho stiller no ut på "heimebane" på Sunnmøre for første gong sidan 2004. Kunstnaren deltar på utstillinga og med seg til Flø har ho seks oljemåleri på lerret (storleik frå 60x90 cm) til 100x140 cm).

Kunstnaren har ein særeigen signatur, gjerne med moderne figurative mitov i lyse delikate fargar, der naturen er med i biletet. Ho er framleis tru mot prosjektet sitt, med dei arkitektoniske grepa ho ofte har hatt tidlegare er ikkje like sentrale. Slyngstad bur i Oslo, og er utdanna i Austerrike og ved kunstakademiet i Oslo. DÅ ho i 2009 var representert ved veneziabiennalen, var det første gong sidan 1980-talet at norske måleri var stilt ut her. Biennalen der kunstnarduoen Elmgreen & Dragset velde ut verka, vart særs godt motteke.

Sverre Bjertnæs (40) blir rekna for for å vere heilt i toppskiktet mellom dagens unge samtidskunstnarar. Dei siste åra har han seld for millionbeløp, gjerne før utstillingane har opna. Bjertnæs har dei siste åra gitt seg sjølv frie tøylar og opna for ein rik produksjon basert på den klassiske teknikken han først vart kjent for.

Bjertnæs stiller ut to store oljemåleri (str 160x100 cm og 140x100 cm) på lerret. Bileta har personleg innfallsvinkel med motiv av kona hans. Med på utstillinga er også bronseskulpturen, "Skogen trekker seg tilbake". Skulptur er noko kunstnaren har byrja jobbe med dei siste åra. Denne vart laga ifjor.

Kenneth Blom (49) hra gjort seg bemerka som biletkunstnar i både Europa, New York og Hong Kong. Han var den første norske samtidskunstnaren som vart presentert på Sotheby`s i London. Han stiller også ut ved Mearz contemprary i Berlin no i april.

Bileta til Blom har gjerne lyse stemningar og samtidig noko forurolegande dystert ved seg, med motiv frå landskap eller arkitektur, ofte berre med ein eller to enkle figurar. Kunstnaren plasserer seg i grenseland mellom den figurative og abstrakte tradisjonen. Ved Studio Hugo Opdal stiller Blom ut fire måleri på lerret (str frå 90x100 cm til 130x150 cm). Alle er laga det siste året.