For medan Kyrkjebøs populære julekonsertar har konsentrert seg om storbyane, startar vårturneen «Snart er det sommar» i Stokmarknes 13. april.

– Eg gler meg veldig til å spele desse intime konsertane, og ikkje minst til å besøkje alle dei vakre stadene i distrikta, seier Sissel Kyrkjebø om reisevalet.

Ho lovar både kjende songar og verdspremiere på fleire nyskrivne låtar. Ho skal opptre i selskap med musikarane Torjus Vierli på piano og Bernt Rune Stray på gitar.

– I april er ofte alle årstidene representerte, og dette har vi late oss inspirere av, men særleg den lyse vårstemninga som fortel oss at snart er det sommar, fortel Sissel Kyrkjebø.

Hit skal Sissel

* 13. april – Hurtigrutens Hus, Stokmarknes

* 14. april – Narvik kulturhus

* 15. april – Meyergården, Mo i Rana

* 16. april – Stormen Konserthus, Bodø

* 18. april – Harstad kulturhus

* 19. april – Lofoten kulturhus, Svolvær

* 21. april – Bjørnsonhuset, Molde

* 22. april – Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik

* 23. april – Førdehuset

* 25. april – Nøtterøy kulturhus

* 26. april – Kongsberg Musikkteater

(©NPK)