Arrangementet Hjertefred vart arrangert for tredje gong i år. Dette arrangementet på allehelgensdag er til minne om dei me har mista.

Store Vikholmen var vakkert pynta med lys og hjarte. Der var fin musikk, diktopplesing og englar. Linn Therese Sævik fortalde om korleis det var å miste faren sin. Gerd Vik A. Flø las dikt.

Heile arrangementet vart avslutta med at alle fekk utdelt raude hjarteforma ballongar som dei slepte taket i då Margit Lovise Holte las orda. "Kjærleiken er større enn døden". På ballongane som dansa i vinden stod det "Du lever i hjertet mitt".

Du kan lese meir om arrangemenet i papirutgåva av Vikebladet Vestposten tysdag 3. november 2015.