Burnout Nettverksparty hadde planlagt tidenes største datatreff i Ulsteinvik i vinterferien. Men då deltakartalet var nærare femti enn tohundre flytta dei arrangementet frå idrettshallen i Ulsteinvik til Leikanger Grendahus. Nytt av året var det at dei som melde seg på treffet måtte betale deltakarpengane på forskot. Dei fekk no att hundre kroner kvar når dei kom på treffet. På grunn av talet på deltakarar vart noko færre enn planlagt, vart inntektene på treffet ein del redusert, noko som fører til lågare pengepremiar. Datatreffet tok til sundag 18. februar kl 18.00 og varer til onsdag 21. februar kl 18.00.