- Vi lovar god musikk, sosialt samvær og spennande drinkar med inspirasjon frå ei gresk ferieøy, seier adm. dir. Linda Haddal?Røssevoll og marknadssjef Toril Overå i Regius Holding, som eig hotellet. - Sidan Napoli opna restaurant, finst det eit godt alternativ for servering i Hareid. Difor ser vi ikkje noko hensikt i å halde fram med serveringa i Sans-lokalet, stadfestar Røssevoll.

Får nytta heile lokaletEksisterande Sans-del blir tillagt eit rom som har vore avstengt ei stund. Det “nye” lokalet blir bygt ut med sitjeplassar, lys- og lydanlegg, og ein DJ-bar. I den alt eksisterande delen held dei fram med pub, der folk kan setje seg ned i rolegare omgjevnader. Diskoteket blir altså ei integrering i det folk i dag kjenner som Sans.- Det gjer at vi kan nytte ut heile kjellarlokalet med enkle grep, seier Røssevoll og Overå, som understrekar at diskotektilbodet er retta mot både vaksne og unge. - Vi får tilbakemeldingar frå fleire aldersgrupper om at dei saknar ein plass å samlast og danse. - Vi har òg tilgang på dyktige DJ-ar som spelar eit breitt spekter musikk, legg dei til.Dei legg òg vekt på at Sans-lokalet kan nyttast til konsertar - og at hotellet vil ta imot trubadurar der.For ein kvar smakRøssevoll fortel at dei har engasjert ei finsk kvinne, som har vore bartender i fleire år på ferieøya Kos i Hellas. Ho tilbyr mange smakar og variantar i ein sjølvutvikla bar-meny.- Kom med føreslåingarRøssevoll og Overå vil gjerne ha publikum til å kome med forslag om aktivitetar - karaoke, tema- eller partykveldar.- Vi vil gjerne arrangere ting som fell i publikum sin smak, seier Røssevoll. Overå hugsar frå eigne ungdomsdagar når lokalet var smekkfullt og det var omtrent uråd å få sleppe inn etter klokka 22. Kanskje kan det bli slik i det nye tilbodet? Opningsdagen er 27. januar.Røssevoll lovar ei overrasking på billetten til alle som kjem då og dagen etter.

No satsar dei på diskotek og dansing. Marknadssjef Toril Overå (t.v.) og adm. dir Linda Haddal Røssevoll på Hareid Hotell ønskjer velkomne til det nye diskotek-tilbodet på?Sans neste helg. Foto: Joar Drønnesund