Med sin særeigne stilling i norsk og nordisk folkedikting og kvedartradisjon har Draumkvedet fått oss til å stille dei store spørsmåla om liv og død på nytt. Det var Jørgen Moe og M.B. Landstad som skreiv ned dette diktet på midten av 1800-talet. Draumkvedet er den mest sentrale og viktigaste middelalderballaden vi kjenner til. Dette visjonsdiktet fascinerer, utfordrar og provoserer. Det finst etter måten nokså få innspelingar av Draumkvedet. Den sist utgjevne versjonen kom i 2006: Arne Nordheim si tolking av balladen, som ein utvida versjon med fullt orkester og solistar frå 1994. Det er kanskje ikkje for kven som helst å gje seg i kast med å fortelje eller syngje denne middelalderballaden. Berit Opheim Versto tilfører den noko heilt nytt, mellom anna improvisasjon, og ho har ei unik formidlingsevne som rører ved alle som våger lytte på denne urgamle forteljinga om Olav Åsteson. Han sovnar julaftan og vaknar trettande dag jul, og fortel då kva han har drøymt. Fantastisk sterke, skakande, styggvakre draumar som rommar det meste av det ein i eit lite menneskeliv kan drøyme om.

Laurdag 23. januar kjem Berit Opheim Versto og Karl Seglem til Aasen-tunet for å framføre si tolking av middelalderballaden Draumkvedet.