Neste år vert kulturprisen i Ulstein for 2010 delt ut. 15. oktober er fristen for å melde inn kandidatar. Prisen har blitt delt ut sidan 1987 av levekårsutvalet i Ulstein. I fjor under Ungdommens Kulturmønstring vart prisen delt ut til BandCamp i Eiksund.

– Prisen vert delt ut avhengig av kven som får den, men sannsynlegvis vert det litt ut på nyåret ein gong. På ei tilstelling der vedkommande er representert, seier oppvekst- og kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad.

Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeidet i Ulstein. Kulturprisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

Prisen kan også delast ut til kandidatar som ikkje er busette i Ulstein kommune, dersom kulturarbeidet til vedkomande har kome eller kjem særskilt Ulstein kommune til gode.

Kulturprisen kan ikkje bli tildelt offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar.

Kulturprisen vert delt ut i form av eit stipend og ein pris annakvart år. I fjor vart det delt ut stipend til Band Camp Eiksund.

– Skilnaden er at stipendet gjerne går til yngre, talentfulle på veg framover, medan prisen går til dei som har bidrege over lengre tid, opplyser Leif Ringstad.

Vinnarar sidan 1987:

1987: Inger G. Ulstein

1988: Kjetil Eiksund / Øyvind Rødseth

1989: Fridtjof Hofseth

1990: Profil

1991: Peder Fritz Waage

1992: Ingrid Lyngnes, Kirsti P. Haugen.

PR-laget “Pat-Kjell”

1993: Musikklaget ULF

1994: Hødd IL

1995: IL Hødd – Turngruppa

1996: Sigurd Ertresvåg

1997: Ingvild Hasund, Gard W. Garshol

1998: Hallbjørg Hop

1999: Aina Moldskred, Rune Sæter,

Henrik Dalhaug, Ann Cathrin

Barstad

2000: Ragnhild Kriken Garnes

2001: Linn Urke Osnes

2002: Kirsti Pedersen Haugen

2003: Ulstein Klivrelag

2004: Bjarne Bøe

2005: Knut Elias Barstad

2006: Ulstein Mannskor

2007: PikkaBird

2008: Aksel Hauge

2009: Band Camp Eiksund