Kultur →
300 fann vegen til pinsegudstenesta på Melshornet
2. PINSEDAG: I morgontimane låg skodda tjukk ned i fjellsida. Så letta ho - og folk la i veg mot toppen av det 668 meter høge Melshornet i det vakraste sommarvêr. Heile 300 personar vart talde under gudstenesta - og det er eitt av dei høgaste tala nokon gong.