Sjølv om nokre tjuvstarta fredag med polarkveld i Brandal og Riff-kosert på Hareid, vart Hareiddstemna offisielt opna laurdag ettermiddag. Det sytte Sindre Grønmyr Rise for.

Det er framleis Grunnlovsjubileum, og det vil setje eit preg på Hareidstemna i år. I samband med opninga heldt Sindre Grønmyr Rise eit lite foredrag om opptakten til at Noreg fekk si grunnlov, den andre grunnlova i verda. USA hadde den første.

Men før han kom så langt hadde vokalgruppa Gollj&Gråstein tatt opp tonen og framført to songar frå den nye plata si, «Berre gollj», ein av Henning Kvitnes og Odd Nordstoga sin «Ein farfar i livet».

Og før det, hadde Hareid blandakor sunge ved Johan H.-bysta, ein fast og flott tradisjon som ein del av stemneinnleiinga.

Litt av kvart

Det er kunstkonstellasjonen Aggregat som er utstillarar under Hareid Kunstlag si Hareidsstemne-utstilling. Atelier-fellesskapet har tilhald i Ålesund og tilbyr mellom anna utstyr for silketrykk  og andre grafiske teknikkar.

Silketrykk var mellom dei mange teknikkane som var representerte på utstillinga i kunstlaget sine lokale i Kjøpmannsgata. Det er ei mangslungen utstilling som byr på noko for ein kvar smak, og kunst som er både for augene og tanken.

- Vil overraske

Det er dei tre kunstnarane Karin Augusta Nogva, Hilde Rosenberg Bamarni og Simon Wågsholm som stiller ut på Hareid under stemneveka.

- Målet vårt er å overraske oss sjølve kvar gong vi gjer noko nytt. Greier vi det, overraskar vi også publikum, sa Karin Augusta Nogva då ho vart ønskt velkomen av Jarl Schrøder i Hareid Kunstlag.

Og kanskje er det nokon som vert overraska når dei skodar opp på rådhusevekken når mørkret fell på, Der vil det nemleg rulle og gå ein film som er eitt av Aggregat sine kunstverk.

Utstillinga i Kjøpmannsgata er ei salsutstilling og vil vere open kvar dag til og med 19. oktober.